Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Daglege post- og arkivrutinar

1.1.1 Offentleg post

All post der namnet til adressaten ikkje står oppført først på konvolutten skal opnast og handsamast som offentleg post.

Er det likevel privat post, skal konvolutten med innhald leverast mottakaren.

1.1.2 Verdipost

Opning av verdipost skal skje med to personar til stades og stadfestast i kvitteringsbok.

Desse er autorisert for opning av slik post:
Mona Fykse
Gunn Kristin Ruud

1.1.3 Rekomandert post

Desse er autorisert for å kvittere ut rekomandert post:

Mona Fykse
Gunn Kristin Ruud
Laila Irene Røneid

1.1.4 Privat post

All post der namnet til adressaten står oppført først på konvolutten skal handsamast som privat post.

Er det likevel offentleg post, skal mottakaren levere dokumentet til registrering snarast.

1.1.5 Returpost

Post frå Årdal kommune som kjem i retur frå postverket skal opnast (dersom det ikkje kjem tydeleg fram på konvolutten kven som er sakshandsamar) og returnerast til sakshandsamaren.

1.1.6 Feiladressert post

Post med adressat som er slutta i kommunen eller er feiladressert på anna måte, skal omadresserast eller sendast i retur. Avsendaren skal ha melding om rett adresse for å unngå fleire feilsendingar.

1.1.7 Arkiv-uverdig post:

Sendast til områda etter distribusjonsliste, sjå side:

Årsmeldingar, referat, innkallingar, budsjett, rekneskap, stortings- og andre

offentlege rapportar og utgreiingar og anna allment stoff skal ikkje handsamast

som arkivmateriale så sant det ikkje har direkte tilknyting til kommunale saker.

Det er den institusjon/bedrift som produserer dokumentet som har arkivansvaret.

· Invitasjonar og kurstilbod:

Generelle invitasjonar og kurstilbod skal i regelen ikkje registrerast,

men distribuerast til dei som eventuelt kan vere interessert i dette.

· Faktura/rekningar :

Alle rekningar kjem med posten til sentralarkivet.

Rekningane vert overlevert medarbeidarar ved sentralbordet som opnar, sorterer, datostemplar og sender dei vidare til tenesteområda.

Rekningar som gjeld klientar vert sendt direkte til tenesteområdet.

Laster...